onsdag 5. november 2014

Takk, og vegen vidare.


Tusen takk for positive kommentarar til innlegget mitt. Kjekt når eg lukkas med det eg hadde lyst til, nemleg å inspirera andre. Blogg er ein veldig fin måte å dela gode idear med andre. Engelsk er for elevane i 4. klasse som eit nytt språk å rekna, sjølv om dei har hatt engelsk sidan 1. klasse. Men no har ordforrådet byrja å bli så stort at det er lettare for elevane å tørre å snakka. Men eg ser så klart utfordringa når elevane skal meistra engelsk på meir avanserte rekneoperasjonar. Men for dei barna i den klassen eg har, har eg prøvd å få dei til å snakke med alle dei orda dei kan på engelsk, og der dei manglar eit engelsk ord puttar dei inn det norske eller dei spør om dei orda dei manglar. Eg gjer det sjølv også innimellom, for å visa elevane at det går an, og at det ikkje er «flaut» å gjera det slik, for det viktige er å snakka engelsk. Det eg har sett er at i min klasse må me øva endå meir på tala frå 11 og oppover, det er mange som ikkje har knekt den koden.

Erfaringsmessig har det vist seg at dei svake elevane likar dette veldig godt. Dei aller svakaste har eg på ei gruppe saman med ein assistent. Då kan dei få veiledning heile vegen. Samstundes har det og vist seg at elevar som er svake i norsk og matte, kan ha gode kunnskap i engelsk, så det er faktisk ein styrke for nokre av elevane. Då får dei vist fram at dei er gode på noko dei også. Men det vil sjølvsagt vera store variasjonar i elevmassen. Det som fungerer i ein klasse, treng ikkje fungera i andre klassar.

Seinast denne veka hadde me stasjonar, og når elevane fekk vita at den eine stasjonen var butikk på engelsk, så jubla dei. Eg har laga ein liten dialog og skrevet ut, slik at dei som tykkjer det er vanskeleg å vita kva dei skal sei, kan bruka det som står i dialogen, då blir det som ei lita oppskrift. Det ser eg mange har nytt godt av.

Eg har ikkje nytta meg av andre liknande situasjonar, men ser at det går veldig fint å gjera det. Når ein har tema som t.d. mat må det vera ypparleg å få til ei slags kafédrift. Då kan ein dra med seg det ein har lært i butikken inn i kafeen, samstundes som ein då får øvd opp endå fleire frasar og ord til bruk. Eg ser at det også kan ta mykje tid, men då blir utfordringa å finna ein måte som er enkel å gjera det på. Ser for meg at ein kan putta det inn i matematikkfaget først og så dra med seg erfaringane inn i engelskfaget etterpå, då blir ikkje overgongen så stor.

Foto: Privat
 
Til mi store glede ser eg at det reviderte engelskverket Stairs har putta inn meir rekning i verket sitt. Blant anna har dei fokus på å kunne lesa av grafar, det er positivt.

Det er verkeleg mykje rekning det går an å putta inn i engelskfaget, det er berre fantasien ( og litt tid) som stoppar oss. Det har vore veldig interessant å ha blogg på denne måten, og eg ser me kunne fått gjort endå meir ut av det. Det er også ein god måte å bli kjend med medstudentar på.

Eg kjem truleg til å fortsetja å leggje ut tips og idear etter kvart som dei oppstår, og det er fritt fram for å ta det i bruk. Lukke til!

mandag 20. oktober 2014

Butikk på engelsk i praksis.

 
 
Her kan du sjå i praksis korleis nokre av elevane har butikk på engelsk.
Dette er første gong dei gjer det, og dei har ikkje øvd på dialogen på engelsk på førehand.
Eg spurde dei etterpå om korleis dei syntes det var å ha butikk på engelsk, og då var svaret einstemmig: kjempekjekt!
 
 
 
Eg har fått lov av medvirkande barn og foreldre til å legga ut filmane på bloggen.



søndag 19. oktober 2014

Rekning i engelskfaget


Elevane som eg har på 4. trinn er veldig glade i å ha stasjonar i mange fag. Ein av favorittstasjonane er butikk. Butikkdrift starta eg med på 1. trinn så dei er no godt kjent med butikkdrift.
 

No ynskte eg å ta butikken eit steg vidare, nemleg at dialogen dei har foregjekk på engelsk. Eg starta i klassen med å finna ut kva ord dei trudde dei hadde bruk for når dei skulle ha butikk på engelsk. Dei orda som kom opp skreiv eg rett inn på Smart tavla (Notebook). Då elevane meinte dei hadde det dei trong av ord, skreiv eg ut lista slik at dei kunne ha ho med på stasjonen. 

No i starten er det ein lærarstyrt stasjon. Det vil sei at eg som lærar er med på den stasjonen heile tida. Elevane starta slik som dei pleidde, men det var uvant for dei at alt skulle foregå på engelsk. Dei svake syntes det var godt å ha ordlista som dei kunne sjå på, og eg kunne eventuelt supplera med fleire ord. Dei sterkaste elevane klara seg greitt utan ordlista.

Eg fann ut medan eg var på stasjonen, at det kanskje kunne vera greitt med ei slags "oppskrift" på korleis dialogen i butikken kunne vera. Den har eg laga klar, slik at neste gong me har butikk, skal dei få prøva den. 

Elevane fekk då bruka mykje talord på engelsk, noko dei faktisk var litt usikre på.

 Når ein går inn i Kunnskapsløftet (Udir 1998) og ser på måla i engelsk etter 4. trinn skal elevane blant anna forstå og bruka ord knytt til prisar, mengde form, og størrelsar i kommunikasjon om daglegliv, fritid og interesser.

For mange lærerar kan det vera ei utfordring å sjå korleis me kan få regning inn i engelskfaget (Fauskanger, Mosvold og Reikerås 2012) fordi det ikkje er så lett å omsetta måla i kunnskapsløftet til praktisk handling. Å kunne rekna i engelsk inneber at ein kan supplera reknekompetansen på morsmålet med nødvendige uttrykk på engelsk. Det får elevane blant anna ved å leike butikk og kan sjølv sjå nytteverdien av det å læra språk.

For meg som lærar blir dette ein vinn-vinn situasjon. Eg kan ha butikk i både matematikk og engelsktimane mine, og elevane får brukt sine matematikk og engelskkunnskap meir.
Det skal bli spennande å sjå korleis elevane utviklar seg sjølv, og det kjem fleire innlegg om dette emnet etter kvart.
Kanskje du og har tips og idear til korleis me kan få rekning inn i engelskfaget. Legg gjerne igjen ein kommentar
 
Litteraturliste:
Fauskanger, J., Mosvold, R., & Reikerås, E. (Red.). (2009). Å regne i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget.

Utdanningsdirektoratet. (1998). Kunnskapsløftet . Henta 19.10.2014 frå :http://www.udir.no/kl06/ENG1-03/Kompetansemaal/?arst=372029322&kmsn=424125164

Bileta har eg tatt sjølv, og har fått tillatelse til å bruka dei av både foreldre og barna.

torsdag 4. september 2014

Studiestart- rekning som grunnleggjande ferdigheit.

 
 

No har eg kasta meg uti eit nytt studie dette skuleåret. Eg  skal studera rekning som grunnleggande ferdigheit i alle fag.Det er eit studie på 30 studiepoeng, og nytt for meg er at klasserommet er digitalt. Alt skal forgå med overføring av forelesingar på nett. Det skal bli spennande. Studiet har ein god del krav som må vera oppfylt for at eg skal kunna få gå opp til eksamen.Det å drifte ein blogg er eit av dei.

På bloggen kjem eg til å fortelje litt om korleis ein kan få rekning i fag . Kjem til å konsentrera det til 4.trinn og korleis me har rekning i engelsk. Men det kjem til å koma andre tips også.