Tusen takk
for positive kommentarar til innlegget mitt. Kjekt når eg lukkas med det eg
hadde lyst til, nemleg å inspirera andre. Blogg er ein veldig fin måte å dela
gode idear med andre. Engelsk er for elevane i 4. klasse som eit nytt språk å
rekna, sjølv om dei har hatt engelsk sidan 1. klasse. Men no har ordforrådet
byrja å bli så stort at det er lettare for elevane å tørre å snakka. Men eg ser
så klart utfordringa når elevane skal meistra engelsk på meir avanserte
rekneoperasjonar. Men for dei barna i den klassen eg har, har eg prøvd å få dei
til å snakke med alle dei orda dei kan på engelsk, og der dei manglar eit engelsk
ord puttar dei inn det norske eller dei spør om dei orda dei manglar. Eg gjer
det sjølv også innimellom, for å visa elevane at det går an, og at det ikkje er
«flaut» å gjera det slik, for det viktige er å snakka engelsk. Det eg har sett
er at i min klasse må me øva endå meir på tala frå 11 og oppover, det er mange
som ikkje har knekt den koden.
Erfaringsmessig
har det vist seg at dei svake elevane likar dette veldig godt. Dei aller
svakaste har eg på ei gruppe saman med ein assistent. Då kan dei få veiledning
heile vegen. Samstundes har det og vist seg at elevar som er svake i norsk og
matte, kan ha gode kunnskap i engelsk, så det er faktisk ein styrke for nokre
av elevane. Då får dei vist fram at dei er gode på noko dei også. Men det vil
sjølvsagt vera store variasjonar i elevmassen. Det som fungerer i ein klasse,
treng ikkje fungera i andre klassar.
Seinast
denne veka hadde me stasjonar, og når elevane fekk vita at den eine stasjonen
var butikk på engelsk, så jubla dei. Eg har laga ein liten dialog og skrevet
ut, slik at dei som tykkjer det er vanskeleg å vita kva dei skal sei, kan bruka
det som står i dialogen, då blir det som ei lita oppskrift. Det ser eg mange
har nytt godt av.
Eg har ikkje
nytta meg av andre liknande situasjonar, men ser at det går veldig fint å gjera
det. Når ein har tema som t.d. mat må det vera ypparleg å få til ei slags kafédrift.
Då kan ein dra med seg det ein har lært i butikken inn i kafeen, samstundes som
ein då får øvd opp endå fleire frasar og ord til bruk. Eg ser at det også kan
ta mykje tid, men då blir utfordringa å finna ein måte som er enkel å gjera det
på. Ser for meg at ein kan putta det inn i matematikkfaget først og så dra med
seg erfaringane inn i engelskfaget etterpå, då blir ikkje overgongen så stor.
Foto: Privat
Til mi store
glede ser eg at det reviderte engelskverket Stairs har putta inn meir rekning i
verket sitt. Blant anna har dei fokus på å kunne lesa av grafar, det er
positivt.
Det er verkeleg
mykje rekning det går an å putta inn i engelskfaget, det er berre fantasien (
og litt tid) som stoppar oss. Det har vore veldig interessant å ha blogg på
denne måten, og eg ser me kunne fått gjort endå meir ut av det. Det er også ein
god måte å bli kjend med medstudentar på.
Eg kjem
truleg til å fortsetja å leggje ut tips og idear etter kvart som dei oppstår,
og det er fritt fram for å ta det i bruk. Lukke til!