onsdag 5. november 2014

Takk, og vegen vidare.


Tusen takk for positive kommentarar til innlegget mitt. Kjekt når eg lukkas med det eg hadde lyst til, nemleg å inspirera andre. Blogg er ein veldig fin måte å dela gode idear med andre. Engelsk er for elevane i 4. klasse som eit nytt språk å rekna, sjølv om dei har hatt engelsk sidan 1. klasse. Men no har ordforrådet byrja å bli så stort at det er lettare for elevane å tørre å snakka. Men eg ser så klart utfordringa når elevane skal meistra engelsk på meir avanserte rekneoperasjonar. Men for dei barna i den klassen eg har, har eg prøvd å få dei til å snakke med alle dei orda dei kan på engelsk, og der dei manglar eit engelsk ord puttar dei inn det norske eller dei spør om dei orda dei manglar. Eg gjer det sjølv også innimellom, for å visa elevane at det går an, og at det ikkje er «flaut» å gjera det slik, for det viktige er å snakka engelsk. Det eg har sett er at i min klasse må me øva endå meir på tala frå 11 og oppover, det er mange som ikkje har knekt den koden.

Erfaringsmessig har det vist seg at dei svake elevane likar dette veldig godt. Dei aller svakaste har eg på ei gruppe saman med ein assistent. Då kan dei få veiledning heile vegen. Samstundes har det og vist seg at elevar som er svake i norsk og matte, kan ha gode kunnskap i engelsk, så det er faktisk ein styrke for nokre av elevane. Då får dei vist fram at dei er gode på noko dei også. Men det vil sjølvsagt vera store variasjonar i elevmassen. Det som fungerer i ein klasse, treng ikkje fungera i andre klassar.

Seinast denne veka hadde me stasjonar, og når elevane fekk vita at den eine stasjonen var butikk på engelsk, så jubla dei. Eg har laga ein liten dialog og skrevet ut, slik at dei som tykkjer det er vanskeleg å vita kva dei skal sei, kan bruka det som står i dialogen, då blir det som ei lita oppskrift. Det ser eg mange har nytt godt av.

Eg har ikkje nytta meg av andre liknande situasjonar, men ser at det går veldig fint å gjera det. Når ein har tema som t.d. mat må det vera ypparleg å få til ei slags kafédrift. Då kan ein dra med seg det ein har lært i butikken inn i kafeen, samstundes som ein då får øvd opp endå fleire frasar og ord til bruk. Eg ser at det også kan ta mykje tid, men då blir utfordringa å finna ein måte som er enkel å gjera det på. Ser for meg at ein kan putta det inn i matematikkfaget først og så dra med seg erfaringane inn i engelskfaget etterpå, då blir ikkje overgongen så stor.

Foto: Privat
 
Til mi store glede ser eg at det reviderte engelskverket Stairs har putta inn meir rekning i verket sitt. Blant anna har dei fokus på å kunne lesa av grafar, det er positivt.

Det er verkeleg mykje rekning det går an å putta inn i engelskfaget, det er berre fantasien ( og litt tid) som stoppar oss. Det har vore veldig interessant å ha blogg på denne måten, og eg ser me kunne fått gjort endå meir ut av det. Det er også ein god måte å bli kjend med medstudentar på.

Eg kjem truleg til å fortsetja å leggje ut tips og idear etter kvart som dei oppstår, og det er fritt fram for å ta det i bruk. Lukke til!